ID-kontroll med pass som metode

I tida som kjem, vil mange brukarar få beskjed i BankID-appen om å stadfeste identiteten sin ved å skanne pass eller nasjonalt ID-kort, samt sitt eige ansikt. Dette er ein del av skjerpa tryggleikskrav og vil gjere BankID endå tryggare på at du er den du er. Du får eit varsel i appen når du skal gjennomføre ein ID-kontroll. Denne rettleiaren viser korleis du gjennomfører ein ID-kontroll med passet ditt. Dersom du ønskjer å gjere dette med nasjonalt ID-kort, finn du ein eigen rettleiar for dette. Du kan gjerne be om hjelp til å skanne pass og ansikt av nokon du stoler på. Som alltid rår vi deg til å lese rettleiaren på datamaskina, slik at du kan følgje stega på mobiltelefonen – slik bileta i rettleiaren viser.